Svangerskap og revmatisk sykdom
De revmatiske sykdommene arter seg forskjellig i et svangerskap. Sykdommen kan påvirke svangerskapet, og svangerskapet kan påvirke den revmatiske sykdommen. Det er derfor viktig å planlegge svangerskapet.
Graviditet, fødsel og familieliv ved revmatisk sykdom (helsenorge.no)
Hensiktsmessig oppfølging
Kvinner med inflammatorisk revmatisk sykdom skal ha ekstra oppfølging under og etter svangerskapet.
Oppfølgingen involverer spesialisthelsetjenesten med kontroller ved revmatologisk og obstetrisk avdeling, i tillegg til ordinær svangerskapsomsorg i primærhelsetjenesten ved jordmor og/eller fastlege.
Henvisning og vurdering
Det er ønskelig at du tar kontakt med revmatologisk avdeling i god tid ved ønske om graviditet, for en medikamentell gjennomgang og planlegging av svangerskapet.
Utredning
Om du har ein inflammatorisk revmatisk sjukdom og blir gravid, kan du enten ta kontakt med revmatologisk poliklinikk sjølv eller be fastlegen tilvise deg.
Når revmatologisk avdeling får beskjed om at du har blitt gravid, vil du vanlegvis få ein time for kontroll rundt svangerskapsveke 12.
Revmatologen din skal alltid vurdere kva risiko eit svangerskap har for deg, ut frå kva type revmatisk sjukdom du har og kor alvorlege plagene dine er.
Bruk av medisinar inngår som ein del av planlegginga og den individuelle vurderinga. Fordelar med medisinsk behandling må vegast opp mot eventuell risiko for barnet. Somme medisinar må du slutte å ta i god tid før du prøver å bli gravid, mens andre medisinar er det viktig at du held fram med gjennom graviditeten.
Behandling
Det er stor variasjon i alvorsgrad og grad av risiko knytt til dei ulike diagnosane. Generelt seier vi at kvinner med artrittsjukdommar har etter alt å dømme lågare risiko for komplikasjonar, mens kvinner med systemsjukdommar (bindevev og vaskulitt og myositt) har høgare risiko, og skal derfor også ha tettare oppfølging.
Det er likevel viktig å påpeike at det vil vere store individuelle variasjonar, og to kvinner med same diagnose kan ha svært ulik risikoprofil, og derfor også få ulik oppfølging.
Tilrådingane om oppfølging som er beskrivne her bygger på Norsk gynekologisk foreining sin rettleiar i fødselshjelp og dessutan Rettleiar i svangerskap og revmatiske sjukdommar, utvikla av Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for svangerskap og revmatisk sjukdom (NKSR).
Meir om oppfølging av kvinner med artrittsjukdom (ledd- og ryggsjukdommar).
Meir om oppfølging av kvinner med systemsjukdommar (bindevev, vaskulitt og myositt).
Oppfølging
Vi anbefaler noko tettare oppfølging ved revmatologisk avdeling for kvinner med inflammatorisk revmatisk sjukdom, også det første året etter fødsel. Hovudårsaka til dette, er at det er noko auka risiko for oppbluss av den revmatiske sjukdommen i denne perioden. Ved behov blir du vist til tverrfaglege vurderingar, til fysioterapeut, ergoterapeut og/eller sosionom.
Eit godt tips for å sikre best mogleg oppfølging, er å stille godt førebudd. Slik får du mest mogleg ut av timane dine timar hos helsepersonell før, under og etter svangerskapet.
Nyttig sjekkliste for å hjelpe deg med å hugse aktuelle tema for diskusjon ved svangerskap og revmatisk sjukdom.
Utfyllande pasientinformasjon om tida før, under og etter svangerskap for pasientar med revmatiske sjukdommar, finn du her:
Rettleiar i svangerskap og revmatiske sjukdommar – NKSR – Pasientversjon
og på Helsenorge:
Kontakt
Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus (HSR)
Revmatologisk poliklinikk
Adresse
- I dag 08:00 - 15:30

Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus (HSR)
Karmsundgaten 134
5528 Haugesund