Sykepleiere_bilde(illustrasjon)_300pxl

Første skritt på vegen mot komplett pasientjournal på nett

Allereie i 1977 ble det vedtatt at pasientar skulle ha rett til å lese sin eigen pasientjournal, men fram til no har dei måtta ta kontakt med sjukehuset for å be om å få pasientjournalen sin utlevert i papir. No blir dette endra i Helse Vest ved at vi gjer delar av journalen tilgjengeleg på nett.

Det betyr at pasientar over 16 år, innføre somatikken (altså ikkje psykisk helsevern), no kan logge seg inn med sikker innlogging via vestlandspasienten.no og få tilgang til lese det meste av journalen sin frå sjukehuset, heime i si eiga stue.

– Det å sleppe å måtte ta kontakt med sjukehuset for å be om å få journalen sin utlevert, trur vi vil gjere terskelen for innsyn mykje lågare for dei fleste. Vi ønskjer at pasientar skal ha enkel tilgang til sin eigen journal. Journalopplysningane er tross alt pasienten sine opplysningar, og ikkje behandlarane  sin eigedom. Eg trur ein opplyst pasient er ein tryggare pasient, og da begynner vi å nærme oss det Helse- og omsorgsminister Bent Høie omtalar som Pasientens helseteneste.  Dette seier Hilde Christiansen, Direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest. Ho trur pasientane i vest vil nytte seg av tilbodet om å lese journalnotata sine på nett.

Populært i Helse Nord

I Helse Nord har pasientar hatt tilgang til å lese journalen sin sidan 10. desember i fjor, og i følgje ein artikkel Helse Nord la ut for nokre veker sidan er pågangen veldig stor:

– Bruken er langt større enn vi hadde håpet på. 100 000 personer har samtykket til å bruke tjenesten, og rundt 2000 personer bruker den hver dag, selv om vi nesten ikke har markedsført den, sier prosjektleder i Helse Nord, Tove Sørensen.

Ikkje komplett journal på nett

Førebels har pasientar i vest ikkje tilgang til absolutt alle journaldokumenta sine på nett. Dette skuldast blant anna at ikkje alle dokumenta er i eit format som støttast av helsenorge.no, som er portalen du kjem til etter innlogging.

– Det er berre journaldokument frå det sentrale journalsystemet (DIPS) som visast. Vi kan for eksempel ikkje vise dokument for føde og barsel, fordi dei kjem frå eit anna fagsystem. Av same grunn kan vi heller ikkje vise alle laboratoriesvar og prøvesvar, men vi har planar om å gjere dei tilgjengelege på sikt, seier Ole Jørgen Kirkeluten, som er prosjektleiar for Min pasientjournal.

– Nokre dokument er også utelatt for vising på nett, fordi vi må vere heilt sikre på at rutinane for å administrere pasientinnsyn er på plass før vi kan vise dei, seier Kirkeluten. Men han skundar seg å legge til at det tross alt er over 3500 typar journaldokument som er tilgjengelege for digitalt innsyn og berre om lag 300 som er sperra, og dei fleste av desse vil bli opna til hausten. 19. september blir nemlig journaldokument frå psykiske helsevern også gjort tilgjengeleg på nett.

Nekte innsyn

Behandlar kan nekte pasienten digitalt innsyn i enkeltdokument eller, i svært spesielle tilfelle, i heile journalen, om han eller ho meiner det er fare for liv og helse for pasienten sjølv eller næraste familie (jf. Pasient- og brukarrettslova § 5-1).

Det er også mogleg for pasienten sjølv å sperre journalen sin for digital visning på nett. Dette gjer han ved å endre profilen sin på helsenorge.no. eller han kan be behandlar gjere det.

Meir openheit – betre kvalitet

Det kan hende det blir avdekka at nokre dokument er skanna og arkivert feil i det digitale pasientjournalsystemet. Dette er i så fall basert på menneskelege feil og ikkje på sjølve teknologien.

 – I Helse Nord har det vore seks slike tilfelle sidan dei opna opp for innsyn på nett.  Vi har ingen grunn til å tru at det skal vere fleire slike feilarkiveringar i våre helseføretak, seier Christiansen.

– Vi vil ta imot alle meldingar om slike feil med det største alvor. No har i det minste pasientane tilgang og kan gi beskjed om dei oppdagar feil. Slik sett er dette også med på å sikre kvaliteten.   Oppdagar pasientar feil i journalen sin må vi berre bøye nakken og beklage, og så er vi mobiliserte til å rette opp feilen med ein gong, seier Christiansen.